ARE KALVØ – BERRE BØNDER LENGTAR HEIM

Om arrangementet

Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.

Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk. Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden. Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.

Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.

For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.

Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss. No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?

Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å få besøke byen Leknes, i landbrukskommunen Vestvågøy, på Meieriet kultursenter!

Arrangementet er et samarbeid mellom LoVe Utviklings Besøksforvaltningskonferanse og Stand Up Lofoten, og en del av Høstvekka 2025. Samtlige konferansedeltakere vil via påmeldingen få anledning til å kjøpe rabatterte og allerede reserverte billetter. Påmeldingen kommer snart.

Øvrig billettsalg starter nå! (OBS: Det vil kun bli én forestilling, så ikke nøl med billettbestillingen).

Arrangør: Stand Up Lofoten
Produsent: Stand Up Norge

Varighet: ca. 75 minutter – uten pause

Billettpris – ordinær:                                kr. 465.- + avgift 
Billettpris – gruppe (10 eller flere):          kr. 420,- + avgift 
Billettpris – bonderabatt *:                      kr. 395,- + avgift 

* gjelder medlemmer av Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, alle næringsaktører med tilknytning til bondenæringen, samt alle som har studert agronomi, eller uansett studieretning er student den dag forestillingen inntreffer. Medlems- eller studentbevis kan bli etterspurt ved innslipp.

Kontakt post@standuplofoten.no for gruppe-billetter på faktura.